I dette innlegget svarer kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen på kritikken i et innlegg av Elling Bortne om Florø-dominans.

Tilsetting i Kinn kommune er basert på kompetanse, erfaring og utdanning. I det siste har byggesaksjefen, helsesjefen og avdelingsleiar i Informasjon og Service blitt rekruttert til Kinn kommune. Dei har bustadadresse Måløy, vart dei best kvalifiserte, og personane som hadde stillingane hadde Florø som bustadadresse. Den nye plansjefen er frå Bremanger og planavdelinga har fått to nye medarbeidarar med adresse Måløy, då desse var dei best kvalifiserte.

Påstanden om at leiar berre blir rekruttert frå eit område i Kinn kommune stemmer derfor ikkje. Leiargruppa er også representert i Måløy.

Min påstand er at Kinn kommune nyt godt av å kunne rekruttere til fag- og leiar stillingar i både nord og sør. Det blir fleire søkbare stillingar i eit større geografisk nedslagsfelt for begge byane. Det er ikkje høve til å basere rekruttering på andre prinsipp enn kvalifikasjonar, erfaring, utdanning. Tilsvarande er det umogeleg å basere seg på bustadadresse som kriteria for tilsetting.

Dei fleste med topp- og avdelingsleiaransvar og med arbeidstakarar i begge byar, nyttar arbeidstida til beste for Kinn. Dette skjer gjennom felles møter, teams/videokonferanse og kontortid begge stader. Mange organisasjonar er i dag meir fleksible enn før pandemien. Med nye båtrutetider frå 1. mai blir det lettare for tilsett i Kinn kommunen, næringslivet og elevar flytte seg mellom byane. Vi håpar dette gjev kommune- og regionforstørring.

Kinn kommune er ein ny kommune og ny organisasjon. Sjølvsagt har vi att arbeid med å bygge felles kultur, felles praksis, felles system og å lære av kvarandre. Omstilling til tøffare tider med færre ressursar og større kamp om arbeidskraft krev mykje av oss.

Men vi er oppteken av å utvikle samfunn, det er mi og vår viktigast drivkraft, sjølv om dette også kan bety å måtte handtere endringar. Likevel vil eg seie at vi har komme eit stykke på veg. Det krev kompetanse og tid i organisasjonen å handtere nyinvesteringar på nærmare 500 millionar kroner som vi no gjennomfører i Måløy.

På den korte tida har Kinn kommune fått på plass planverk (kommuneplanen sin arealdel) som gjev større handlingsrom for enkeltinnbyggjarar og næringsliv for å utvikle næring og bustader. Sjølv om kommunen må prioritere, har vi likevel hatt greie økonomiske resultat dei første åra for ny kommune, og vi har pengar på bok. Det viktige er å dra saman og gjere kvarandre gode.