Kommentar til lokalpolitikarane i Bremanger sine svar på spørsmål om tryggleik, kraft og sakshandsaming:

Ordførar, varaordførar og andre kommenterer endeleg FFI sine planar.  Takk og lov!

Dei hevdar at ei tilnærming  der «politikarar har bestemt seg før planane er ferdig greidd ut og formelt vurderingsgrunnlag ligg føre, vil vere både oppsiktsvekkjande og tildels uansvarleg».

Vi synest det er på sin plass å påpeike at ein av dei som har skrive under innlegget har ytra at vedkommande håpar på eit rungande ja til desse planane. Og varaordføraren seier til NRK at alt tyder på eit stort fleirtal i kommunestyret. Korleis kan han seie det?

Har alle i det sittande kommunestyret tatt stilling til saka allereie? Eit kommunestyre som ikkje har fått noko vurderingsgrunnlag i det heile? Det er vanskeleg å finne ord for utsegna, men oppsiktsvekkande og tildels uansvarleg kan kanskje vere dekkande?

Vi treng ikkje at de som politikarar tar stilling for eller mot endå. Men vi treng ein open debatt der alle parti deltar, slik at ein får fram både fordelane og ulempene ved FFI sine planar.

Berre på den måten vil saka bli så godt og grundig belyst at ein kan ta endeleg stilling.

Desse lokalpolitikarane ønsker å møte regjeringa sine «visjonar om eit grønt industriløft», men handplukkar argument som passar seg slik vi ser det.

Dei utelet det som står vidare i Veikart til grønt industriløft, nemleg at: “Samtidig som det trengs areal for å dekke etterspørselen etter fornybar kraft og nye industriområder, er endret arealbruk den faktoren med størst negativ påvirkning på natur i Norge i dag. Klima og natur må ses i sammenheng, slik at viktig natur og økosystemer ikke går tapt for å nå klimamål».

Vi kan ikkje løyse klimakrisa ved å bygge ned naturverdiar.

Vi håpar lokalpolitikarane legg naturen i vektskåla når dei skal ta stilling til ammoniakkfabrikken.