Dei uansvarlege

Ammoniakkkameratane har ikkje teke standpunkt til Holmanes-fabrikken!

Men steg for steg legg dei til rette for at den risikoutsette bedrifta skal kome.

Vi som har teke standpunkt mot naturinngrepet, gjer noko oppsiktvekkande.

Vi som har teke standpunkt mot kraftsluket og teke folks store uro på alvor.

Vi som meiner ammoniakkfabrikken ikkje må lokaliserast inne i Nordgulen.

Vi som ser kva den positive haldninga til Ap, H, V, og KrF alt no kan føre til.

Vi som ser vi kan få vindmøller på Bremangerlandet, på fjella i kommunen.

Vi som ser kraftmangelen og høgare straum-og linjeleigeprisar for oss alle.

Vi som ser at hjørnesteinsbedrifta i kommunen kan komme i store vanskar.

Vi som ser mogelege negative følgjer for bulysta i indre del av kommunen.

Ei tilnærming som folk flest har er til dels uansvarleg seier utbyggingspartia.

Dei ansvarlege viser lettvint til regjeringa sine nye grøne industriløftvisjonar.

Dei ansvarlege tek ikkje heilt innover seg folk sine bekymringar for tryggleiken.

Dei ansvarlege tek ikkje inn over seg dette omfattande, store naturinngrepet.

Dei ansvarlege går i takt med Fortescue, og bind seg sakte på hender og føter.

Dei overlet til DSB å ta standpunkt til om gigantfabrikken kan stå ute i fjorden.

Dei ansvarlege meiner vi har meir urøyrd natur å ofre for risikoarbeidsplassar.

Dei ansvarlege meiner fabrikken bør kome fordi Statskraft i dag lover nok straum.

Slik vi uansvarlege, det vil seie vanlege folk, no ser på saka, er vi ikkje opplyste nok.

Vi som ikkje er imot hydrogenproduksjon, men sterkt imot lokaliteten Holmaneset.

Vi treng ikkje spå om framtida for Nordgulen – når vi ser ja-partia sine gradvise steg.

Vi, dei uansvarlege, må støtte Folkeaksjonen med vår underskrift før det er for seint.