Steinbrotet i Bremanger må stoppast

Gloppen Natur og ungdom er imot steinbrotet på Aksla og utskipingskaia ved Frøysjøen. Raudlista borenemoreal regnskog og unike kulturminner står i fare for å bli øydelagde dersom prosjektet blir realisert. Bremanger kommune kan framleis snu!

Førre veke blei artikkelen «Vi treng fleire bedrifter og arbeidsplassar i Bremanger» publisert i Firdaposten. I saka står det skrive at «Ein del svært engasjerte personar av den eldre garde ønskjer å stoppe etableringa av bedrifter som hydrogenfabrikken på Holmaneset og nytt steinbrot på Aksla.» Ungdomsrådet i Måløy meiner det er «kjipt å la vere å byggje fleire arbeidsplassar og bedrifter i Bremanger».

Her meiner vi det trengst eit meir nyansert syn på saka. Vi reagerer på antydinga om at ein er imot arbeidsplassar dersom ein er imot steinbrotet og utskipingskaia. Det blir også framstilt som at unge i regionen er for steinbrotet på Aksla. Det er ikkje tilfelle. Vi er ikkje einige med ungdomsrådet i akkurat denne saka. Vi i Natur og Ungdom er imot utbygginga, og fleire arkeologistudentar frå alle dei store universiteta har reagert – representerer ikkje også vi dei unge? Eit viktig motargument frå andre næringslivsaktørar i kommunen, til dømes knytt til reiselivet, har vore at utbygginga i Frøysjøen vil skade deira arbeidsplass. Kvifor er denne utbygginga så viktig at den skal få øydelegge for andre næringar?

Arbeidsplassar er viktige, men det kan ikkje gå på bekostning av dei unike kultur- og naturverdiane ein finn i Frøysjøen. Det finst altfor mange saker der argument som arbeidsplassar og økonomisk profitt blir prioritert over omsynet til naturvern. Dette er ein av dei viktigaste grunnane til at vi i dag står i ei naturkrise.

Steinbrotet vil skape 20-30 arbeidsplassar, og berre halvparten av desse vil vere fastbuande. I beste fall vil dette gje 15 nye innbyggjarar til Bremanger kommune, i tillegg til eventuell familie. Er dette verdt å ofre så store kultur- og naturverdiar for?

Fagpersonar frå inn- og utland, Riksantikvaren og Statsforvaltaren i Vestland har vore sterkt kritiske til prosjektet; steinbrotet vil få store, varige konsekvensar for Vingen og området rundt. Likevel lyttar verken kommunen eller regjeringa, som no har gitt grønt lys til prosjektet. Som unge miljøengasjerte er det frustrerande å sjå på at politikarane stadig overkøyrer naturen i jakta på arbeidsplassar og profitt.

Dersom ein skal godkjenne utbygging i eit område med helleristningar og arkeologiske funn i verdsklasse, raudlista skog og urørt natur, eit område som har blitt foreslått nominert til UNESCOs verdsarvliste – kvar går då grensa for kva natur som er verdt å ta vare på?

I området ved utskipingskaia er det borenemoreal regnskog, ein raudlista naturtype som vil bli øydelagt om utbygginga realiserast. Skog blir truga av utbyggingar over heile Vestlandet. Denne skogstypen er livsviktig for fleire raudlista plante- og dyreartar vi er plikta til å bevare.

Noreg har forplikta seg til ein internasjonal avtale om å verne 30% av all natur innan 2030, likevel opnast snitt 10 nye utbyggingar i sårbare naturområde kvar dag. Dette viser at steinbrotet på Aksla eit langt steg i feil retning. Vi i Natur og Ungdom oppmodar Bremanger kommune til å snu, og ta vare på den unike kultur- og naturarven i Frøysjøen.