Bruk av ordet konspirasjonsteori
Ein vanleg definisjon av omgrepet er: «Konspirasjonsteori er en forklaringsmodell som går ut på at mektige grupper i hemmelighet sammensverger seg for å fremme sin egen, skjulte agenda¹². Begrepet brukes ofte nedsettende for å signalisere at forklaringen er beheftet med logiske feil og problematisk omgang med fakta. En konspirasjon er ofte en hemmelig sammenslutning for å skade noen, eller holde sannheten skjult for allmennheten». (Store norske leksikon)
Det er så mange konspirasjonsteoriar ut og går, vert det sagt av og til i debattar. Dette skjer kanskje særleg når nokon møter eller har møtt argument eller synspunkt som ikkje høver med eigne meiningar i ei sak eller saker dei brenn for eller meiner ikkje har andre svar enn deira eigne.
Å seie at dei ein er usamd med driv med konspirasjonsteoriar, høyer ikkje heime i ein sakleg debatt. Når heller ikkje konspirasjonen vert definert, kan dette vere manupulativ debatteknikk. Ei heller er det god etisk haldning å bruke dette omgrepet på denne måten. Det er å mistenkeleggjere motiva til ein meiningsmotstandar. Heldigvis skjer ikkje dette ofte.
At dei som er usamde i kommunale vedtak og prosessar og som seier eller skriv sine saklege meiningar om dette, har med deira demokratiske rett å gjere. Ytringsfridomen står og skal sto sterkt i eit demokrati.
Vi har for ei tid sidan fått resultatet av Ytringsfridomkomisjonen sitt arbeid. Kanskje fleire burde lese det kommisjonen la fram: «En åpen og opplyst offentlig samtale».