1. februar 2022 starta Håvar Fagerli som redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende.

Onsdag har han vore i denne stillinga i eitt år og dei tilsette i Fjordenes Tidende markerte dette med små overraskingane for redaktøren frå han stod opp og gjennom arbeidsdagen.

Ei av overraskingane var å bli losa inn i podkaststudioet slik at alle lesarane, lyttarane og sjåarane våre kan bli endå betre kjende med han.

I tillegg til på fjt.no, finn du alle tidlegare og komande episodar av Tidendes pod på Spotify og Apple podcast. Følg oss gjerne der du høyrer på dine podkastar. Då vil du bli varsla kvar gang vi slepp ei ny episode. Du har mykje spanande i vente.