– Tradisjonen tru blir det felles markering for Nordfjord på Nordfjordeid.  Alle er hjarteleg velkomne til å vere med på markeringa. Ein særskild invitasjon går til veteranar frå internasjonale operasjonar, seier Astrid Grete Torheim i Stad kommune og Eid frivilligsentral.

I sentrum for den lokale markeringa på Nordfjordeid står Sørgende mor, minnesmerket over dei falne i 2. verdskrigen frå Nordfjord.

– Ved Sørgende mor vil ordførar i Stad, Sigurd Reksnes, halde tale for dagen på vegner av Nordfjord-kommunane. I tillegg blir det appellar og blomeseremoniar, seier Torheim.

8. mai er også den internasjonale Røde Kors-dagen.

– 100-års jubilant Eid Røde Kors har fått med seg distriktsleiar i Røde Kors Sogn og Fjordane Synnøve Sande til å markere dagen, og Eid Musikklag speler.

Det blir opptog frå Eid kyrkje til markeringa på Eksersisplassen.