Argument om kort eller lang pendletid blir brukt for å legge ned tilbod nokre stader eller halde oppe tilbod andre stader, sjølv om faktisk reisetid ikkje er vurdert i arbeidet med høyringsframlegget.

Avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal og prosjektleiar og medlem i arbeidsgruppa, Tor Ivar Sandvik, har mellom anna forklart at Eid vgs. er foreslått med to klasser studiespesialiserande også i framtida fordi Nordfjordeid geografisk er eit midtpunkt i Nordfjord. Faktiske reisetider er då ikkje vurdert og sentralisering er heller ikkje eit av kriteria for utforming av framtidig tilbodsstruktur.

Tore Hjelle som representerte næringslivet i møtet med fylkespolitikarane i hovudutval for opplæring tysdag 9. april, viste eit kart over Nordfjord og skulane med overskrifta: « Finst det andre regionar i verda der ein bygger ned det tilbodet som ligg i midten og som alle har pendlaravstand til?»

Avdelingsleiar ved Eid vgs, Cecilie Bjørlo, meiner også det er mogleg for alle frå Måløy, Stryn og Gloppen å pendle til Eid vgs.

Fjordabladet slår fast på leiarplass at «Nordfjordeid ligg midt i Nordfjord – slik at elevar kan pendle frå Gloppen, Stryn og Måløy»

Men stemmer påstandane om at alle elevar i Nordfjord enkelt kan pendle til Eid vidaregåande skule?

Faktasjekken

Fleire av medlemmane i hovudutvalet for opplæring og kompetanse blei overraska over avstandane i Nordfjord då dei var på rundreise nyleg, og peikte på at dette ikkje gjekk spesielt godt fram av høyringsteksten.

– Desse konsekvensane kunne vi ikkje lese ut av saka som no er sendt på høyring. Det synest eg er veldig uheldig, sa utvalsmedlem Stig Abrahamsen i Framstegspartiet til Fjordenes Tidende etter møtet på ein av skulane.

Fjordenes Tidende har derfor faktasjekka påstandane om enkel pendling. Dette er metoden vi brukte:

  • Vi har undersøkt dei konkrete reiserutene og -tidene elevar i Nordfjord har i dag.

  • Vi har brukt appen Entur og sjekka busstidene på éin konkret dag, onsdag 24. april. Reisetida kan variere noko mellom ulike appar, men reisetida er likevel tilnærma lik og det er berre snakk om nokre minutt til og frå.

  • Vi har undersøkt kor lang tid det tar å pendle frå by, tettstadar og bygder til Eid vgs, Stryn vgs, Firda vgs og Måløy vgs med buss. Vi har også sett på rutene som kombinerer båt og buss og kor lang tid det tar.

  • Vi har sett på reisetida elevar har til dei nærmaste vidaregåande skulane sine, og kor lang reisetid dei får til vidaregåande skular som ligg lenger vekke

  • Vi har sjekka med alle skulane når første time begynner og når siste time sluttar, noko som er avgjerande for at elevane skal rekke skulen og rekke bussen heim.

  • Elevane har éin eller eit par dagar som er kortare, ofte knytt til om dei går på vg1 eller vg2 eller vg3, studieførebuande eller yrkesfag. Vi har tatt utgangspunkt i den tida dei avsluttar skuledagen dei aller fleste dagane, og som er avgjerande i valet om ein har moglegheit å pendle.

  • Vi har sjekka med skulane dersom vi har vore usikre på om elevar rekk ein buss som er sett opp til ei viss tid frå ein bestemt stoppestad.

  • Vi har dobbeltsjekka med bussjåførar og elevar om reiseveg og/eller stoppestadar er rett.

  • Enkelte plassar må du gå nokre minutt for å komme til den vidaregåande skulen sidan enkelte avgangar ikkje går heilt til skulen eller frå skulen. Desse minutta er ikkje tatt med i oversikta.

Mål nummer ein for elevar – nå skulestart

Slik er skuledagen på dei fire skulane:

  • Eid vgs startar dagen klokka 08.50 og siste time sluttar 15.55.

  • Stryn vgs startar dagen klokka 08.45 og siste time sluttar klokka 15.45.

  • Firda vgs startar dagen klokka 08.30 og siste time sluttar klokka 15.50.

  • Måløy vgs startar dagen klokka 08.30 og siste time sluttar klokka 15.40.

«Sikre at flest mogleg vg1-elevar slepp ufrivillig lang reiseveg»

Tre av prinsippa fylkespolitikarane vedtok skulle ligge til grunn for ny tilbodsstruktur i si bestilling til administrasjonen handla om:

  • vidareføring av ein desentralisert skulestruktur der elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde.

  • å sikre at flest mogleg vg1-elevar slepp ein ufrivillig lang reiseveg.

  • å samle fagtilboda der det er føremålstenleg, noko som i større grad gjeld der det er små reiseavstandar mellom skulane og tilboda

Utifrå bussrutene slik dei er i dag, vil elevar som bur i Måløy og skal pendle til Eid vgs totalt bruke 2 timar og 11 minutt av dagen på reise slik sein bussrute heim er 24. april. Reisetida er 2 timar og 17 minutt med tidleg bussrute heim.

For ungdom som bur i bygdene rundt vil det ta lenger tid. For eksempel:

  • Kvalheim - Eid vgs: 3 timar og 31 minutt

  • Oppedal - Eid vgs: 3 timar og 40 minutt

  • Osmundsvåg - Eid vgs: 5 timar og 30 minutt (her vil du ikkje rekke skulestart, må reise heim etter berre eit par timar og på vegen heim må du vente fleire timar på ein stoppestad før du kan ta neste buss heilt heim).

Ein første konklusjon: Det er er eit puslespel av buss- og båtruter som ikkje i alle tilfelle blir gunstig for elevar som vil pendle.

Bur du i Oppedal i vestre krets på Vågsøy i Kinn kommune og pendlar til Eid vgs tar det 3 timar og 40 minutt. Pendlar du til Måløy vgs tar det 1 time. Foto: Kjellrun Åsebø

Flatraket, Selje og Stadlandet

Dersom ein elev frå Selje skal pendle til Måløy vgs vil det totalt ta 1 time og 46 minutt å reise dei litt over 80 kilometrane tur-retur. Dersom Selje-eleven skal pendle til Eid vgs med buss vil det ifølge ruta 24. april ta 4 timar og 3 minutt.

Frå Flatraket til Måløy vgs treng eleven berre 29 minutt i buss tur/retur, mens eleven vil måtte bruke 2 timar og 56 minutt tur/retur Eid vgs.

Frå Stadlandet til Måløy vgs må ein elev bruke totalt 3 timar og 57 minutt , mens det frå Stadlandet til Eid vgs blir ei reise på heile 4 timar og 55 minutt tur/retur med dagens bussruter.

Dersom ein ungdom bur på Kvalheim i Kinn finst det ikkje buss-tilbod frå bygda som gjer at han eller ho rekker Eid vgs eller Firda vgs før skulestart. Foto: Kjellrun Åsebø

Taxi og buss – og likevel langt

Då hovudutvalet for opplæring og kompetanse var på besøk på Måløy vgs tok elev Lillian Johanne Prestvik opp problemet med lang reiseveg. Ho bur på Stadlandet, og meinte ho allereie hadde meir enn lang nok reiseveg til Måløy vgs. I dag tar ho først taxi frå Stadlandet til Selje, for å korte ned reisevegen, og så tar ho buss vidare frå Selje til Måløy.

Elevar frå Selje kan ta bussen frå Selje klokka 06.10 og rekke skulestart ved Eid vgs før klokka 08.50. Elevar frå Selje kan ta bussen frå Selje klokka 07.20 og rekke skulestart ved Måløy vgs før klokka 08.30. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Om Lillian skulle reise til Eid vgs, blir reisevegen naturleg nok endå lenger, sjølv med tilpassa skyss som taxi og andre løysingar. Ifølge henne sjølv ville ho måtte regne med å bruke totalt minst 3,5 timer kvar dag på reising.

Når det gjeld elevar frå Stårheim pendlar dei raskare til Eid vgs enn til Måløy vgs. Til Eid vgs er det totalt berre 36 minutt for ein elev som reiser frå Stårheim, medan det er ein 1 time og 16 minutt tur/retur Stårheim til Måløy vgs.

Enklare å pendle ut frå det geografiske midtpunktet?

Gjennomgangen viser at det å vere eit geografisk midtpunkt ikkje nødvendigvis er det same som at pendling inn til staden er enkelt. I Nordfjord sitt tilfelle ser det ut til å vere enklare å pendle ut frå det geografiske midtpunktet.

Elevar som bur på Nordfjordeid og dei næraste bygdene rundt har større valfridom enn andre ungdommar i Nordfjord i val av skule og utdanning. Dei har kortare reisetid til alle skular og kan dermed bu heime og sleppe å leige hybel. Som er det dei fleste ungdommar i Nordfjord helst vil, ifølge søkartala på skulane.

Her kan du studere reisetidene sjølv slik dei er onsdag 24. april:

Avreise frå:Avreise til:Avreise kl.Ankomst kl.Total tid éin vegRetur avreiseRetur ankomstTotal tid returTotal samla reisetid
KvalheimEid vgs07.4609.131 t 27 min14.3016.432 t 13 min3 t 40 min
KvalheimMåløy vgs07.4608.2034 min15.5016.4353 min1 t 27 min
OppedalEid vgs06.4508.351 t 50 min14.3016.201 t 50 min3 t 40 min
OppedalMåløy vgs07.5008.2030 min15.5016.2030 min1 t
OsmundsvågEid vgs07.4009.111 t 31 min10.4114.403 t 59 min5 t 30 min
OsmundsvågMåløy vgs07.4008.0525 min14.1014.4030 min55 min
SeljeEid vgs06.1008.352 t 25 min16.0217.401 t 38 min4 t 3 min
SeljeMåløy vgs07.2008.1454 min16.0516.5550 min1 t 46 min
FlatraketEid vgs07.5509.111 t 16 min14.3016.101 t 40 min2 t 56 min
FlatraketMåløy vgs07.5508.1419 min16.0516.1510 min29 min
StadlandetEid vgs06.0109.113 t 10 min16.0217.471 t 45 min4 t 55 min
StadlandetMåløy vgs06.0108.142 t 13 min16.0317.471 t 44 min3 t 57 min
NordfjordeidMåløy vgs06.5007.4050 min16.0317.0057 min1 t 47 min
NordfjordeidFirda vgs07.0507.4035 min16.0016.3737 min1 t 12 min
NordfjordeidStryn vgs07.4008.3353 min15.5016.3747 min1 t 40 min
MåløyEid vgs07.2008.351 t 15 min16.2117.1756 min2 t 11 min
MåløyMåløy vgs08.1508.205 min15.5015.588 min13 min
BryggjaEid vgs07.5008.3545 min16.0216.4543 min1 t 28 min
BryggjaMåløy vgs07.4008.0327 min16.0316.2017 min44 min
StårheimEid vgs08.1408.3521 min16.0316.1815 min36 min
StårheimMåløy vgs07.0607.4034 min16.0316.4542 min1 t 16 min
KjølsdalenEid vgs08.0508.3530 min16.0216.2826 min56 min
KjølsdalenMåløy vgs07.1307.4027 min16.0316.3027 min54 min
HolmøyvikStryn vgs08.0408.3329 min15.5016.0717 min46 min
HolmøyvikEid vgs08.0208.3129 min16.0616.2923 min52 min
LoteEid vgs08.3108.409 min16.0016.066 min15 min
LoteFirda vgs07.1407.4026 min16.0016.3131 min57 min
VereideEid vgs07.3808.401 t 2 min16.0016.3535 min1 t 37 min
VereideFirda vgs07.3808.1941 min16.0016.1010 min51 min
InnvikEid vgs07.5009.512 t 1 min16.0018.152 t 15 min4 t 16 min
InnvikFirda vgs07.2008.201 t16.0016.4040 min1 t 40 min
InnvikStryn vgs07.5008.4050 min15.5016.3040 min1 t 30 min
UtvikEid vgs07.4009.472 t 7 min16.0018.052 t 5 min4 t 12 min
UtvikFirda vgs07.3008.2050 min16.0016.3030 min1 t 20 min
UtvikStryn vgs07.4008.401 t15.5016.4050 min1 t 50 min
BlaksetEid vgs07.2508.381 t 12 min16.0017.051 t 5 min2 t 17 min
BlaksetStryn vgs08.2008.3717 min15.5016.0515 min32 min
HornindalEid vgs07.4208.3149 min16.0616.4640 min1 t 29 min
HornindalStryn vgs08.0308.2522 min15.5016.1222 min44 min
LoenEid vgs08.2509.471 t 22 min16.0018.402 t 40 min4 t 2 min
LoenStryn vgs08.2508.4015 min15.5016.0010 min25 min
HjelleEid vgs07.5509.471 t 52 min14.3216.241 t 52 min3 t 44 min
HjelleStryn vgs07.5508.3843 min15.5016.2434 min1 t 17 min
ByrkjeloFirda vgs07.5008.1020 min16.0016.3030 min50 min
ByrkjeloEid vgs07.2508.401 t 15 min16.0017.101 t 10 min2 t 25 min
StrynEid vgs07.4508.3146 min16.0617.0054 min1 t 40 min
StrynMåløy vgs06.0007.401 t 40 min14.2316.552 t 37 min4 t 17 min
StrynFirda vgs06.0007.401 t 40 min16.0017.551 t 55 t3 t 35 min
SandaneEid vgs07.5508.4045 min16.0016.4545 min1 t 30 min
SandaneMåløy vgs07.5510.012 t 6 min18.2020.252 t 5 min4 t 11 min
SandaneStryn vgs07.5510.032 t 8 min15.5018.152 t 25 min4 t 33 min

Har jobba for betre tilbod

Stad kommune har dei siste åra jobba for at busstilbodet i eigen kommune skal bli betre slik at reisevegen også blir gunstigare for elevar i ytre som går på dei fylkeskommunale vidaregåande skulane.

Heilt sidan kommunesamanslåinga for tre år sidan har det vore årlege innspel til forbetring av rutetilbodet i Stad kommune. No er det tid for nye innspel retta mot transportselskapet Skyss, som er eigd av Vestland fylkeskommune, skreiv Fjordabladet i januar i fjor i ein artikkel der avisa problematiserte den svært lange reisevegen elevar i ytre delar av kommunen hadde om dei skulle pendle til Eid vgs.

Elevar som pendlar frå Stadlandet til Måløy vgs og Eid vgs med buss må begynne veldig tidleg. Skuleruta er buss til Selje kai, hurtigbåt til Måløy og buss igjen til Måløy vgs eller Eid vgs. Tilbake, etter skulen, må dei ta buss. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Enn så lenge har det ikkje blitt betre.

Elevar frå Stadlandet som pendlar med buss heile vegen til Eid vgs. om morgonen må først vente 46 minutt i Selje og deretter 16 minutt på busstoppet på Almenningsfjellet i Kinn kommune. Og dei rekk heller ikkje skulestart med denne løysinga. På heimveg går bussruta direkte via Vanylven kommune med ei reisetid på 1 time og 45 minutt.

Elevar som pendlar frå Stadlandet til Måløy vgs. må også vente 46 minutt i Selje, men køyrer etter det direkte til Måløy vgs. På veg heim via Vanylven kommune må dei, ifølge ruta, vente 29 minutt på Bryggja.

Avstandane vil alltid vere der

Uansett om ein skulle vere så heldig å få betre ruter, er det vanskeleg å gjere noko med avstandane i Nordfjord. Om dagens bussruter hadde vore direkteruter ville elevar som pendlar frå Stadlandet til Eid vgs unngått 62 minutt med venting. Den totale pendletida i buss ville då bli litt 3 timar og 53 minutt.

Elevar frå Stadlandet som skulle pendle til Måløy vgs med direkterute ville unngått 46 minutt med venting, og den totale pendletida ville ha blitt 3 timar og 11 minutt.

Ruta om morgonen for elevar frå Stadlandet som pendlar til Eid vgs startar klokka 06.01 med buss, deretter båt, så buss igjen. Dei er framme på Eid vgs 08.35. Foto: Svanhild Breidalen

Buss - båt - buss for å rekke skulestart

For å rekke skulestart på Eid vgs må elevar frå Stadlandet velje ei pendlerute med buss – båt – buss. Dei må då reise kl. 06.01 om morgonen frå Stadlandet og ta hurtigbåten frå Selje til Måløy kl. 06.50. Då er dei i Måløy 07.15. Dei kan då ta bussen vidare til Eid vgs klokka 07.18 frå Torghopen og vere framme på Eid vgs klokka 08.35. Reisetida fram blir då 2 timar og 34 minutt, og total reisetid på ein dag blir 4 timar og 19 minutt.

Dersom Stadlandet-elevane brukar same skuleruta med båt og buss om morgonen til Måløy vgs, blir reisetida 1 time og 27 minutt om morgonen. Total reisetid på ein dag blir 3 timar og 7 minutt.

For Selje-elevane, som sjølvsagt også kan ta hurtigbåten om morgonen, blir reisetida fram til Måløy vgs 38 minutt og fram til Eid vgs 1 time og 45 minutt.

Den totale reisetida for Selje-elevane blir 3 timar og 23 minutt for dei som går på Eid vgs og 1 timar og 28 minutt for dei som går på Måløy vgs. Grunnen til at dei må ta buss tilbake til Selje er at det ikkje er nokon båtrute tilbake før om kvelden.

Skulane lengst inne i fjorden

Fjordenes Tidende sjekka også reisetida for elevar i Stryn og Sandane til dei andre tre vidaregåande skulane.

Bur du på Sandane, vil du med dagens bussruter verken rekke skulestart i Måløy eller Stryn. Elevane kjem ikkje fram før litt over klokka 10, og total pendletid er også over fire timar.

Den totale pendletida frå Sandane til Eid vgs er 1 time og 30 minutt.

Bur du i Stryn og vil pendle til Måløy vgs eller Firda vgs, må du opp grytidleg og ta bussen klokka 06.00. Den totale daglege reisetida frå Stryn til Firda vgs, er 3 timar og 35 minutt.

Skal du pendle heim til Stryn frå Måløy vgs. får du eit problem sidan bussen går kl. 14.23, altså før skulen er slutt. Den totale reisetida er 4 timar og 17 minutt.

Vel ein elev å pendle frå Stryn til Eid vgs er total reisetid 1 time og 40 minutt.

I og med at det ikkje vil vere plass til for eksempel alle studiespes-elevar fra Måløy vgs og Firda vgs på Eid vgs, sjølv med to parallellar, som då vil ligge nærmast, vil nødvendigvis elevar frå Måløy- og Sandane-området på papiret måtte sjå mot Stryn vgs – og reisetider på rundt fire timar totalt.

Men i praksis blir det annleis ettersom inntaket vil handle om karaktersnitt. Det er dei elevane med høgast karakterar frå Måløy, Firda og Eid vgs, som vil få plass på Eid vgs, alle sin nærmaste skule. Elevar frå alle tre skular med eit lågare karaktersnitt må ut på reise. Med andre ord sender dette forslaget endå fleire ungdom enn foreslått nedtak ut i ufrivillig pendling eller på hybel. Og viss søkartala blir veldig gode må ungdommen som ikkje får plass på Stryn vgs ut av regionen dersom dei ønsker dette utdanningsprogrammet.

Endringslogg: Tastefeil i tabell retta og det som blei påverka i tekst blei justert klokka 09.45.