Tilsette i norsk arbeidsliv opplever fleire sanksjonar og represaliar i dag enn for ti år sidan. Det er ein trend i tida at offentlege tilsette i større grad ein før får munnkorg eller blir oppmoda om å vere «lojale» når media spør om noko på vegne av ålmenta.

Vi har sett dette også i lokale saker der folk kan vere redde for å uttale seg til lokalavisa. Det kan vere ekstra krevjande å stå fram i ei lokalavis med informasjon om kritikkverdige forhold fordi vi bur så tett på kvarandre. Tilsette som bryr seg er likevel noko arbeidsgjevarar, både offentlege og private, burde applaudere og helse velkommen.

Ei anna side av ytringsfridom er innsyn. Også her kan mange offentlege instanser gå litt i seg sjølve, og spesielt dei som hevdar at dei praktiserer meiroffentlegheit.

Fordi dette er eit aukande problem har Ytringsfridomskommisjonen sett på korleis det står til med ytringsfridomen i norsk arbeidsliv. Kommisjonen kallar den manglande fridomen eitt av våre største demokratiske problem. For det har faktisk blitt vanskelegare å ytre seg for tilsette i arbeidslivet. Det viser forsking frå mellom anna Fafo.

Retten til å ytre seg gjeld nemleg for alle, enten ein er på jobb eller ikkje. Ytringsfridomen er ein menneskerett som er forankra i Grunnlova.

Det juridiske grunnlaget på dette området er altså klart, men dette handlar nok meir om kultur enn om juss. Difor kan det vere verdt å reflektere litt over dette temaet når 17. mai nærmar seg, og naturen vaknar etter ein lang vinter.

Fedrane på Eidsvoll la grunnlaget for dagens liberale rettsstat. Men kulturen i landet vårt, og på kysten, blir berre så god eller dårleg som vi evnar å gjere han til sjølv.