Senterpartiet slørar det til igjen om lakseskatten

Senterpartiet og Erling Sande (Sp) er misnøgd med at eg har påpeika at partiet har underslått at havbrukskommunane allereie har kome dårlegare ut på grunn av lakseskatten, og kjem no med nye uriktige påstandar. Samtidig har protestane frå Sp-ordførarar langs heile kysten ikkje stilna.

Erling Sande (Sp) framstiller det no slik at eg har hevda at utbetalingane frå Havbruksfondet er ein bløff. Det er uriktig. Det eg derimot har påpeika – og som Senterpartiet ikkje ein gong prøvar å avkrefte – er at utbetalingane frå Havbruksfondet er mindre enn dei ville ha vore utan lakseskatteforslaget.

Når Senterpartiet då får seg til å skryte av at kompensasjonen på 800 millionar kroner frå staten er eit milliondryss på havbrukskommunar som langt frå dekker tapa, er det er eit forsøk på å dekke over realitetane. Det må Senterpartiet tole å høyre utan å komme med påstandar om usakleg argumentasjon.

Senterpartiet inviterer no òg gjerne til ein diskusjon om lakseskatten, men berre under følgjande føresetnader: Høgre må nå vedgå at partiet ønskjer «å dra inn store summar frå oppdrettsselskapa», og at «Senterpartiet og Høgre har berre ulike metodar for korleis vi skal gjere dette».

Det blir altså hevda at Høgre er samd i lakseskatteforslaget, og at det berre er sjølve skattemodellen vi er usamde om.

Påstanden er uriktig, og må sjåast i lys at Senterpartiet nå har kome på kant med store delar av kyst-Norge. For det første har Høgre i fleire månader – på same måte som havbruksnæringa sjølv – gitt uttrykk for at det er rom for at næringa kan bidra meir. For det andre har Høgre gitt klart uttrykk for at vi ikkje kjem til å støtte regjeringa sitt forslag til lakseskatt, mellom anna pga. det svært høge skattetrykket dette har.

Senterpartiet hevdar vidare at lakseskatten vil skjerme dei mindre selskapa. Det som derimot ikkje blir nemnt er at det er lagt opp til ei auke i produksjonsavgifta og ny ressurskatt som vil ramme desse. Vidare at dei mindre havbruksselskapa òg har tatt kraftig til motmæle mot lakseskatten, og dokumentert at den òg vil ramme desse hardt.

Det blir òg hevda at havbrukskommunane vil tene på lakseskatten, utan å nemne at for eksempel Telemarksforsking har tilbakevist dette. Det er heller ikkje tatt med dei meir-tapa havbrukskommunane vil få ved at kapital, ressursar og aktivitet nå vil bli flytta frå Distrikts-Norge til meir sentrale strok.

Når det så gjeld utbetalingane frå Havbruksfondet, hevdar Senterpartiet at Høgre gjekk inn for at kommunane «berre skulle få 20 prosent av utbetalingane frå havbruksfondet. Fleirtalet i Stortinget endra dette til 40 prosent.» Det som derimot ikkje blir skrive er at det var Høgre og Framstegspartiet som utgjorde dette fleirtalet, og vidare at delinga mellom staten (60 %) og kommunane (40 %) er vidareført av dagens regjeringa. Det kan for orden skuld nemnast at dette heller ikkje var ein diskusjon om utdeling av utbetaling frå Havbruks-fondet (som fullt ut går til fylkes- og primærkommunane), men at diskusjonen gjaldt kor stor del av vederlag frå sal av konsesjonar som skulle gå inn i Havbruksfondet.

Når det så kjem til lakseskatten gjer Senterpartiet gjeldande at det endelege forslaget vil vere ein skatt som tar «noko» av det store overskotet til dei store havbruksselskapa. Realitetane er Ap og Sp har lagt fram eit forslag til lakseskatt som vil gi kystnæringslivet vårt ein total skattesats (inkludert formue- og utbytteskatt for å betale formuesskatten) på over 80 %, og i nokre tilfelle over 100 %. Lakseskatten vil vidare åleine ta over halvparten av kontantstraumen selskapa har igjen etter dagens skattereglar, noko som vanskeleg kan kallast «noko».

Havbruksnæringa er ei av dei viktigaste næringa vi har, og potensialet for vidare vekst og utvikling er stort. Ap og Sp sin lakseskatten vil stenge for dette, og vil føre til flytting av kapital og ressursar til sentrale strok. Situasjonen blir ikkje betre av at reglane tar til å gjelde om 2 veker, før høyringsfristen går ut og før Stortinget har fått saka til behandling.