Høgrisikofabrikk på Holmaneset er ikkje det Svelgen treng

I eit innlegg i Fjordenes Tidende fredag 3. mai under overskrifta «Holmaneset: Kva skjer med Svelgen?» kjem Per Ytrehus med ein del tankar rundt utfordringar for Svelgen som kommunesenter.

Befolkningsnedgang og tap av butikkar er opplagt utfordringar som både Svelgen og andre bygder slit med.

Per Ytrehus synest debatten om den planlagde fabrikketableringa på Holmaneset er vanskeleg å følgje fordi det kan vere vanskeleg å skilje saklege argument frå usakleg synsing i saka. Dette er eg samd med han i.

Noko av denne usaklege synsinga er dei halvkvedne lovnadene om det eine og det andre som parkanlegg, svømmehall og no sist, tunnel mellom Indrehus og Svelgen. I KS sin rettleiar om antikorrupsjonsarbeid i kommunane, vert slike lovnader nærast kalla bestikkingar.

Anna usakleg synsing er kor store ringverknad denne verksemda vil få. Her vert det snakka i store bokstavar om kor positivt dette skal verte for Svelgen-samfunnet, medan faktum er at dei så langt ikkje kan dokumentere noko som helst. Men det vi veit, er at dei planlegg eit så godt som fullautomatisk produksjonsanlegg – eit høgrisikoanlegg – der det skal jobbe 5–6 personar til ei kvar tid, dei skal jobbe i ei 6-skiftordning slik at den totale bemanninga vert om lag 35.

Det er eit faktum at FFI vil bruke 2.6 TWh straum, noko som svarar til om lag 2 % av Noregs samla straumforbruk. I 2022 brukte norsk industri totalt 77 TWh elektrisk kraft (Kjelde: NVE). Industrien i Noreg sysselsette same år 217.000 personar (kjelde: Regjerinen.no) Dette gjev 2.818 industriarbeidsplassar pr. TWh i gjennomsnitt. På Holmaneset blir det 14. Vi kjenner oss sikre på at alternativ bruk av ei slik kraftmengd vil gje ein heilt annan sysselsettingseffekt, ikkje berre for Svelgen og Bremanger, men for heile regionen.

Vidare er det eit faktum at produksjon av ammoniakk ved hjelp av hydrogen framstilt ved elektrolyse av vatn inneber eit enormt energitap, faktisk 50 % om ein ser bort frå vidare tap om ein nyttar ammoniakken som drivstoff. 50 % av 2,6 TWh er 1,3 TWh. Dette er energi som for det meste vil bli pumpa rett i fjorden som kjølvatn.

Den usaklege synsinga rundt denne problemstillinga er det FFI som står for når dei på sine nettsider skriv: "Produksjon av grønn ammoniakk og grønt hydrogen gir biprodukter i form av oksygen og varmt vann. Dette vil kunne brukes i andre næringer slik som akvakultur, vannbehandling, metal raffinering og produksjon av for eksempel glass, keramikk og papir." (Kjelde: Fortescue sine heimesider, besøkt 5. mai 2024).

Eg spør: Metallraffinering: Tenkjer dei nytt smelteverk i Holmane? Glasproduksjon: Har dei tenkt å ta opp konkurransen med Noregs eldste industriverksemd, Hadeland Glassverk, som i årevis har lagt på konkursens rand og importerer Norgesglass frå Kina? Skal FFI ta opp konkurransen og lage krystall med stein frå Bremanger Quarry på andre sida av fjorden? Eller keramikk? Er det fajansefabrikkar som skal redde Bremanger kommune? Eller papirproduksjon? Skal dei gjere det betre enn Follum og Norske Skog, med tømmer frå Indrehus sag?

Ja, eg innrømmer no at desse spørsmåla kanskje ikkje var dei mest saklege, men jammen må FFI verte noko meir edruelege i sin propaganda! Faktum er nemleg at dei ikkje har eitt einaste konkret prosjekt å vise til, og planen er – ifølgje planteikningar av fabrikken – å sleppe kjølvatnet på sjøen, kjølvatn tilsvarande energiforbruket til 50-70.000 einebustader.

Det FFI og kommuneleiinga ikkje vil snakke mykje om, er det faktum at verksemda er ei høgrisikoverksemd. For kommunen sin del tyder dette at dei må utarbeide ROS-analysar som kartlegg alle potensielle farar dette anlegget vil kunne medføre. Så langt har vi ikkje høyrt eit pip om dette arbeidet, og dei har heller ikkje ønskt å snakke om kva eit storutslepp av ammoniakk vil ha å seie for folk og natur i området, eit område der Midtgulen òg kan verte eksponert for ammoniakkdamp.

Vi har etterlyst uavhengige analysar av konsekvensar av alvorlege hendingar, men då vert vi skulda for skremselspropaganda. Då spør eg: Driv PST skremselspropaganda når dei peikar på risiko for terroråtak eller sabotasje av slike anlegg på Vestlandet? Vi veit at både forskarar og styresmakter over heile Europa snakkar om auka krigsfare, og med ein skjerpa konflikt kan ein ammoniakktank vere eit aktuelt mål. Så kva vil konsekvensen verte om ammoniakktanken kollapsar og vi får eit utslepp på 20-30.000 tonn ammoniakk?

Per Ytrehus synest å meine at regjeringa sin politikk knytt til det grøne skiftet er hogd i stein. Han veit sjølvsagt at dette ikkje er tilfelle. Historia er full av døme på korleis regjeringar har endre standpunkt i saker.

Vidare tek Per Ytrehus eit historisk tilbakeblikk på korleis det har gått nedover med handels- og sørvisnæringane i Svelgen. Dette skal eg gje han rett i, men medisinen han rår til, er eg usikker på. Butikkdød er ikkje noko einsidig utkantsproblem, det skjer dei fleste stader, både i byar og bygder. Postkontora er borte, og bankar finst knapt. Vi har fått store kjøpesenter som har tatt over ein stor del av handelsnæringa, og internetthandel er òg ei teneste i stor vekst. Å slåst mot akkurat denne utviklinga, krev nok noko langt meir enn ei ammoniakkfabrikk på Holmaneset.