– Guleslettene Vindkraftverk AS og Kvalheim Kraft DA ønsker å bidra til utvikling av eit godt frilufts-, fritids- og kulturtilbod i lokalsamfunnet og gir difor eit fast årleg tilskot til slike aktivitetar i kommunen, skriv Kinn kommune.

Kinn kommune ved kultur og fritid bidrar med sin kjennskap til dei ulike lag og organisasjonar som er aktuelle for tilskotsordninga,samt drift av ordninga.

Kvalheim Kraft

Kvalheim Kraft DA tildeler 100.000 kroner til frivillige lag og organisasjonar i nordre Kinn i 2024.

Det kom inn 19 søknadar på til saman 820.475 kroner.

Følgande lag har fått tildelt midlar:

  • Vedvik grendelag: 10.000 kroner

  • Skavøypoll Turn: 20.000 kroner

  • Almenning Skytterlag: 13.000 kroner

  • Raudeberg KFUK-KFUM Speidarar: 30.000 kroner

  • Deknepollvegen Aktvitetspark: 15.000 kroner

  • Vågsøy Hagelag: 12.000 kroner

Guleslettene Vindkraftverk

Guleslettene Vindkraftverk gir 72.000 til frivillige lag og organisasjonar i søre Kinn i 2024.

Det kom inn sju søknadar på til saman 102.500 kroner.

Følgande lag har fått tildelt midlar

  • Norddalsfjord grendelag: 7.000 kroner

  • Florø Seilforening: 12.500 kroner

  • Florø Motorsportklubb: 17.500 kroner

  • Redningsselskapet RS Ung Florø: 15.000 kroner

  • Heimhug ungdomslag: 20.000 kroner