Treet var eitt av fire tre som denne natta blei hogd ned og plasser over vegbana på denne måten.

I den eine bilen som krasja sat blant anna tre venninner. Det er NRK Vestland som meldar saka. Bilen venninnene sat i klarte ikkje å stoppe og det klarte heller ikkje bilen som kom i motsett retning.

– Det var skummelt og vi sprang for å sjå om dei var i live. Det var ein brutal episode, seier Rakel Hovland Øren til NRK Vestland.

– Det var i høgste grad spesielt. Eg har aldri sett liknande før, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik til Fjordenes Tidende, søndag morgon.

Operasjonsleiaren meiner det kunne ha endt med tap av liv.

Fartsgrensa på strekninga der der treet låg, og som er hovudfartsåra mellom Florø og Førde, er 80 km/t.

Politiet gjennomførte fleire vitneavhøyr måndag, undersøkte tekniske spor og har fått inn fleire tips, men hadde ifølge politistasjonssjef Wenke Hope ingen konkrete personar som var sikta eller mistenkte på dette tidspunktet.

NRK Vestland viser også til danske DR. Dei omtaler dødsulykka der ein mann døydde for om lag to veker sidan då eit tre blei felt og landa på toppen av bilen han kom køyrande i. Seks personar mellom 19 og 21 år er sikta i denne saka i Danmark. Alle seks nektar straffeskuld.