Ragnhild Tytingvåg og Vivian Dorte Myre Gjesdal er dei to dyktige og nøgde kokkane som gjennomførte første leveranse, skriv Kinn kommune.

– Frå no av blir det levert varm middag på alle kvardagar til kundane. Bordgleder vil halde fram med å levere middagar i helger og høgtider.

Vivian og Ragnhild er dei to som er klare til å levere fram til dagleg leiar Ognjen Jevtic starter den 3. juni.