Ifølge Meteorologisk institutt er det eit lågtrykk som gir nedbør i nesten heile landet.

For Sogn og Fjordane er det meldt sørleg bris, stiv kuling på kysten, sterk kuling rundt Stad med skyer og regn. Om ettermiddagen dreier vinden til vest og nordvest bris, opp i nordvest liten kuling på kysten. Det blir minkande nedbør og om kvelden blir det etter kvart opphaldsver.

I Måløy er det meldt pøsregn heile natta til utpå føremiddagen, og sjølv om sola kjem utover dagen er det framleis vindfullt med lett og frisk bris. Temperaturen ligg på 9–10 grader. Fredagen er betre, men det er varsla ein overskya dag.

Selje i Stad kommune køyrer same opplegg som Måløy, berre med noko svakare vind.

I Kalvåg i Bremanger er det meldt regn fram til føremiddagen, 9 grader og vind som varierer frå stiv kuling om natta løyande til frisk bris utover dag og kveld.

På Nordfjordeid er det praktisk talt vindstille og 10 grader, men det skal pøse ned heilt til rundt klokka 14 på Kristi Himmelfartsdag. Fredagen er grå også her.