Ragnhild Belden (53) er eldst i søskenflokken. Ho bur Ålesund og jobbar som fagkonsulent for Ålesund behandlingssenter. Ragnhild er ikkje i tvil om at oppveksten i Måløy har forma henne som person. Men det har også fem år i Longyearbyen.

– Då eg var fem år, flytta vi til Longyearbyen på Svalbard. Vi budde der til eg var ti år, men vi var heime i Måløy to månadar kvar sommar. Å leve i dei to kontrastane, Longyearbyen og Måløy, var ei kjelde til fantasi, og eg trur eg har fått kreativiteten min og evna til å dikte historier derifrå, smiler ho.

Mora har også alltid vore ein inspirasjon.

– Evna ho har til å blande fargar og mønster, sy kle, lage gardiner og lampar, måle bilde, lage keramikk og ikkje minst maten. Den er unik.

Berit er glad i å bruke fargar og er ikkje redd for å skilje seg ut. Foto: Ingeborg Sol Fure

Alltid ope hus i Gate 6

Ragnhild og dei sju søskena fortel alle om ei mor som hadde ein ope hus-tankegang der vennane deira blei inviterte til store middagar og gjerne fekk overnatte fleire dagar i strekk. Berit var flink til å samle folk og diska opp med spennande rettar. Ho kunne steike opp vafler i store mengder slik at det blei vaflebonanza og et så mykje du orkar for alle barna i nabolaget.

– Mamma har alltid vist veg. Vi lærte at vi aldri skulle dele rykte og ein måtte alltid «feie for si eiga dør». Vi fekk boltre oss heime i turn og leik, og vi hadde trampoline i vaskekjellaren. På søndagar gjekk heile familien fjelltur med sekk og stavar som pappa Sigfred hadde smidd, fortel Ragnhild.

Her er Sigfred Emil Belden og Berit Fure saman med dei sju barna dei fekk saman. Øyvind (f.v), Ingeborg, Synnøve, Per Olav, Åsmund og Ragnhild med Signe på fanget. Foto: Privat

Brødrene Åsmund (51 ) og Per Olav Belden (48 ) fekk også oppleve litt av Svalbard-eventyret før familien på fem flytta tilbake til Måløy i 1980.

Åsmund jobbar på Saga Fjordbase i Florø og har ifølge seg sjølv lopper i blodet. Han er veldig glad i å vere aktiv og elskar aktivitetar med fart og spenning. Dette starta allereie i Måløy med trening av ulikt slag.

Både Åsmund og Per Olav, som er pilot og bur i Bergen, syntest det var veldig trygt og fint å vekse opp i Måløy.

– Det var små avstandar uansett om ein skulle til skule, kompisar eller fritidsaktivitetar, seier Per Olav.

Sjølv elska han fotball, men han var også innom friidrett, judo, korps og speidar.

Men Per Olav fekk ikkje forbli minstemann. Han fekk etter kvart fleire småsøsken og lærte tidleg å ta ansvar.

– Mamma klarte sjølvsagt berre å vere på ein stad av gangen, og hadde derfor avgrensa tid å bruke på kvar enkelt av oss i kvardagen. Eg lærte tidlig å ta ansvar for hus- og skulearbeid, seier han.

Synnøve Belden (45) fortel også om sine og søstera Ingeborg sine plikter heime:

– Vi bretta tre maskiner med kle kvar dag for å få ting til å gå rundt. Vi hadde ikkje akkurat siste skrik på motefronten, men vi leid inga nød av den grunn.

Gleda var på den andre sida endå større då store sekkar med arvekle skulle fordelast mellom dei mange søskena.

Berit er god å lage mat og likte å samle mange menneske til store og gode måltid. Foto: Ingeborg Sol Fure

– Fordomsfri og fargerik

Mange av dei same orda går igjen når barna til Berit skal beskrive henne. Ho er open, fordomsfri og hjelpsam. Ho står på, har stor omsorg for andre menneske, set seg sjølv sist og er både kunnskapsrik og fargerik.

– Ho har eit ekstra stort hjarte for dei som står litt på sida av samfunnet eller ikkje har dei same ressursane som andre. Det er berre noko av det eg beundrar henne for. Det er mest truleg takka vere henne at eg endte opp i eit omsorgsyrke og lærte at å gi av seg sjølv, ofte gir minst like mykje tilbake, seier Synnøve som jobbar som sjukepleiar.

– Mamma er rett og slett snill, seier Åsmund.

Denne godheita resulterte i at barndomsheimen ikkje berre var full av menneske. Det var også plass til ein god del dyr.

– Vi hadde mange husdyr som vi masa oss til og som mamma ikkje klarte å seie nei til. Vi greidde å få ein del kattar, tre hundar, hamsterar, kaniner, to ulike raser av høner, ein hane, trur eg, mus, og fuglar, både undulat, sebrafinker og ein kanarifugl. Og eg toppa det heile med å kjøpe ei hoppe med føll for konfirmasjonspengane mine! Ingeborg var «medeigar», ler Synnøve.

17. mai og pynta til fest og korpsteneste. Per-Olav (f.v.), Synnøve, Åsmund, Ingeborg og Ragnhild. Foto: Privat

– Ein uredd og ambisiøs mentalitet

Ingeborg Sol Fure (43), driv i dag si eiga bedrift og jobbar blant anna som influensar. Ho er skikkeleg stolt over å ha vakse opp i Måløy.

– Eg synest den uredde og ambisiøse mentaliteten mange frå Måløy-området har er kul, og denne hatten tar eg på meg når eg treng det. At mange eg vaks opp med har gjort det bra i ulike bransjer har nok motivert meg ekstra. Ein skal vere stolt av røtene sine, og særleg viss ein kjem frå Måløy, smiler ho.

Det er mykje kreativitet og styrke i den store familien. Åsmund var kanskje den som først fekk augene opp for styrketrening og Ingeborg viser musklar når ho står på henda på høge fjelltoppar.

Men den som har tatt det å vere sterk lengst er Signe Belden Pavlovic (40). Ho eig og driv treningssenteret Valhall i Stryn saman med mannen sin Leon. Ho har vore aktiv på landslaget sidan 2018, og har tatt medaljar i både EM og VM. I mars i år deltok ho i EM i Zagreb. I tillegg jobbar Signe som vikar innan miljø og velferd i Stryn kommune.

– Eg har ikkje budd i Måløy på 20 år, men eg ser framleis på meg sjølv som måløyværing. Mamma har lært meg å jobbe hardt og aldri gi opp. Eg var med i husarbeidet frå eg var seks år, og eg er heilt sikker på at det har gjort meg til den effektive personen eg er i dag, seier ho.

Det var mykje leik, turn og klatring i barndomen. Her er Øyvind, Synnøve, Ingeborg og Signe i toppen av eit tre. Foto: Privat

Øyvind Fure (42) bur i Sverige og jobbar som byggteknikar og skaderegulerar.

– Det eg hugsar aller best er syklinga. Opp og ned bakkane saman med vennar, vi var overalt på øya og skulle vi til Refviksanden, sykla vi som oftast ut. Måløy kjem alltid til å ha ein heilt spesiell plass i hjartet, seier han.

Peder Hogne Bakke Fure (34) er yngstemann. Han bur i Bergen og jobbar no som togleiar i Bane Nor.

– Eg hugsar spesielt godt kor fritt det var i Måløy. Eg har kjent bestevennen min sidan eg sneik meg over vegen i Gate 6 i bleie for å besøke han. Eg er fortsatt god venn med dei fleste frå omgangskretsen frå oppveksten, noko fleire av vennane mine i Bergen synest er både rart og unikt.

Her er Peder i styrkeleik og har akkurat overmanna broren Øyvind. Foto: Privat

Skal starte nytt liv

Sidan ingen av barna til Berit bur i Måløy lenger, har ho bestemt seg for å selje huset. Det synest alle barna er vemodig, men likevel rett og fornuftig.

– Huset har vore basen og samlingsstaden vår heilt sidan 1975. Vi har alle minna våre frå barndomsheimen, seier Ragnhild.

Etter å ha vore gjennom ein sjukdomsperidoe, bur Berit i Langevåg utanfor Ålesund saman med dottera Synnøve, men planen er å kjøpe ei leilegheit i Stryn.

– Stryn er eit fint utgangspunkt for å komme seg rundt for å besøke barn, barnebarn og vennar i Ålesund, Florø, Førde, Bergen, eller ein svipptur til Måløy, seier Per Olav.

Så den samansveisa flokken til Berit skal framleis samlast. Det er dei glade for.

Å gå nyttårsbukk i Måløy er noko alle søskena hugsar veldig godt. Til og med fleire av barnabarna til Berit har mange gode minne frå godterijakt på nyttårsaftnar. Foto: Privat
Berit har 24 barnebarn som ho er glad i. Her er ho saman med Thea Leona og Leanna Isabel, som er døtrene til Ingeborg. Foto: Ingeborg Sol Fure
Bilde 1: Alle åtte søskena samla i Ingeborg sitt bryllaup i 2011. Bilde 2: Berit Fure på Refviksanden. Foto: Privat / Ingeborg Sol Fure