Ifølge Mediebedriftenes Landsforenings (MBL) sine offisielle lesartal har Fjordenes Tidende ei dagleg dekning på 9.827 lesarar. Frå tredje til fjerde kvartal i 2022 fekk Fjordenes Tidende 404 fleire daglege lesarar.
– Det er svært gledeleg at vi har ei auke i talet på daglege lesarar. Dette er takka vere dyktige medarbeidarar som står på kvar dag for å lage eit produkt som blir sett pris på, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar Håvar Fagerli i Fjordenes Tidende.
Undersøkinga viser at Fjordenes Tidende har hatt ein fin vekst på alle flater, men trenden er at endå fleire les fjt.no på mobilen.
I fjerde kvartal i 2022 hadde Fjordenes Tidende 6.360 lesarar som brukte dei digitale flatene våre. Av desse var det 5.023 som brukte mobilen for å halde seg oppdaterte på fjt.no.
– Det kan vere lurt å ha installert appen til Fjordenes Tidende på mobilen. Då vil du få varsel på mobilen når det kjem nyheiter på fjt.no, seier Fagerli.
Av andre aviser i vårt område har Fjordingen 6.319 lesarar dagleg i fjerde kvartal, Firda Tidend 5.461, Fjordabladet 5.249 og Firdaposten 10.665.