I forbindelse med høyringsforslaget om ny tilbodsstruktur i dei vidaregåande skulane har Fjordenes Tidende bedt ordførarar, varaordførarar og rektorar i Nordfjord om å svare på to spørsmål:

  1. Kva meiner du som ordførar er rimeleg total pendletid på ein dag for ein ungdom til og frå vidaregåande skule?

  2. Kva meiner du som ordførar er smertegrensa for total pendletid på ein dag for ein ungdom til og frå vidaregåande skule?

Vi har samla alle svara i ei stor oversikt. Her kan du sjå kva dei har svart:

Ordførarane

Arnar Kvernevik, ordførar Gloppen kommune:

– Det er ikkje eit eintydig svar på kva som er rimeleg tid, eller smertegrense for total pendletid for ein ungdom til og frå vidaregåande skule. Mange ulike faktorar spelar inn, mellom anna tilgang på og pålitelegheit av transport, vegstandard, tryggleik, vêr og rett og slett personlege faktorar til dømes om transporten er universelt tilrettelagt og den enkelte elev sine behov for å balansere behovet for skule, fritid og søvn, skriv Kvernevik.

Han svarar med dei forbehold:

  1. Rimeleg total pendletid meiner eg er i området 15–45 min kvar veg; total pendletid 30–90 min kvar dag.

  2. Som ordførar og oppteken av at våre ungdomar i tillegg til utdanninga skal ha både søvn og fritid, meiner eg at smertegrensa for total pendletid ligg i øvre sjikt i svaret på spørsmål 1, dvs. 90 minutt på ein dag.

Bengt Solheim-Olsen, ordførar Kinn kommune:

– Det er vanskeleg å gi eit svar på kva som er rimeleg total pendletid til og frå vidaregåande skule, det avheng av ei mengd faktorar sett i samanheng. Det viktige er å ha eit så godt tilbod som mogleg så nær elevane som mogleg. Så vil ei desentralisert busetting bety at nokon må pendle eit stykke, og andre vel å unngå dette ved å flytte på hybel.

– For nokon vil 30 minutt vere for lenge, mens andre med god motivasjon for å kunne gå dei linjene dei ønsker, vil kunne akseptere ein lenger pendlarveg. I vår kommune har vi barn som pendlar langt alt frå skulestart som 6-åringar.

– Generelt trur eg dei fleste vil meine at smertegrensa går på rundt timen kvar veg.

Sigurd Reksnes, ordførar Stad kommune:

– Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig. Eg ser at dei med lengst reiseveg til vidaregåande skule som regel vel å flytte på hybel. Det er vel litt sånn som med oss vaksne, at ein ikkje ønskjer å bruke for mykje tid kvar dag på å pendle til og frå arbeid.

Om smertegrensa:

– Det vil nok variere frå ungdom til ungdom. I dei tilfella linjene som ungdomane ønskjer ikkje er ved den næraste skulen, så vil nok hybel vere alternativet for dei aller fleste. Alle skulane i Nordfjord har mange elevar som bur på hybel.

Anne Kristin Førde, ordførar Bremanger kommune:

– Det er særs viktig å oppretthalde ein desentralisert skulestruktur på dei vidaregåande skulane for å unngå sentralisering av skuletilbodet i regionen vår.

– For oss som ikkje har vidaregåande skule i eigen kommune er gode rutetilbod på buss og båttransport som legg til rette for dagpendling der dette er mogeleg, og vekependling for dei elevane som må bu på hybel kanskje like viktig som ein diskusjon om kva som akseptabel skuleveg.

Paul Sindre Vedeld, ordførar Vanylven kommune:

– Svar på spørsmål 1 er: 2 timar total pendletid per dag, og på spørsmål 2: 2,5 timar per dag.

Per Kjøllesdal, ordførar Stryn kommune:

Har ikkje svart på spørsmåla.

Varaordførarane

Lena Landsverk Sande, varaordførar Vanylven kommune:

– Eg toler kanskje meir reising for vidaregåandeelevar enn for grunnskuleborn, men har sjølv sett ei makstid for eigne born på 45 minutt kvar veg. Vert pendletida over dette, så ser eg ingen grunn til å bu i ein kommune som ikkje har betre grunnskuletilbod til borna mine. Ein time i buss kvar veg, to timar reise per dag, er ikkje akseptabelt slik eg ser det.

– Eg snakkar som mor, og det er dette synet eg tek med meg inn i politikken. Ikkje fordi det vil påverke eigne born, som er for gamle før dette evt. blir realisert. Men eg tek med meg dette med tanke på korleis kommunen skal utvikle seg vidare. Seier vi politisk at vi ikkje ynskjer at folk skal busette seg spreidd i vår kommune? Trur vi på at vi kan bygge kommunen frå sentrum og ut, så får dei ytste stadane vere folketomme?

– Eg er for å legge kommunale butilbod/skuletilbod i bygdesentrum, men ikkje for å sentralisere heile kommunen. Det er stor skilnad på å sentralisere bu- og omsorgstenester, der folk fysisk flyttar på seg, kontra å sende born på lengre bussreiser kvar einaste dag.

1. Når det gjeld vidaregåande skule, der alternativet er å gå på sin nærskule, eller å flytte på hybel, så tenkjer eg at inntil ein time reise er akseptabel, så sant det ikkje inneber buss-skifte og kalde vinterdagar med venting i 15 minutt som ein del av pakka.

2. Total pendletid maks to timar for dag, inklusiv evt. bytte og venting på ny buss.

Jan Rygg, varaordførar Gloppen kommune:

Har ikkje svart på spørsmåla.

Judith Kvåle, varaordførar Stad kommune:

– Eg svarer med dette ut spørsmåla du stiller og legg ved lovtekst og reglement i høve saka. Dette er vel spørsmål som bør stillast til dei som har ansvaret for tilbodet- fylkeskommunen, og eventuelt lovgjevar som er Stortinget.

1. Kva meiner du som varaordførar er rimeleg total pendletid på ein dag for ein ungdom til og frå vidaregåande skule?

– Å uttale seg om kva som er akseptabel reisetid for elevar i vidaregåande skule er det fylkeskommunen som skal gjere, og det gjer dei på ein svært diffus måte i reglementet eg har lagt ved. Dette bygger på opplæringslova. Eg har freista å søke om andre fylkeskommunar har nærare definisjonar, og finn at Akershus definerer 15 t/veka reisetid og 10 timar ventetid.

– Eg meiner at dette er ei drøfting mellom foreldre og ungdom om kva som er det rette for dei. Vi har 4 flotte vidaregåande skular i regionen vår som gir moglegheiter for så lav reisetid som råd. Riktignok har kvar skule nokon tilbod som dei andre ikkje har, og som bidreg til at ynska om ei slik linje vil legge føringar for reisetida.

2. Kva meiner du som varaordførar er smertegrensa for total pendletid på ein dag for ein ungdom til og frå vidaregåande skule?

– Eg finn det vanskeleg å svare ut eit slikt spørsmål som på alle måtar må vere ei individuell vurdering mellom foreldre og ungdom, og gjer merksam på at det er fylkeskommunen som er ansvarlege for å gjere desse vurderingane.

– Som varaordførar i Stad er det viktig for meg at alle ungdomar i kommunen har tilgang på eit godt og mest mogleg variert opplæringstilbod. Det får dei i Nordfjord, enten på næraste skule eller på ein av dei andre tre skulane. Det er også viktig for oss at flest mogleg av dei som ønsker å bu heime kan gjere det – aller viktigast er dette første året på vgs.

Sonja Øvre-Flo, varaordførar Stryn kommune:

– Vi har ein god skulestruktur i Nordfjord! Håper eit samla Nordfjord ser at vi er best tent med studiespesialiserande på alle dei fire vgs. skulane våre, noko vi må tilby skal vi kunne sikre gode kompetanse,- og læringsmiljø.

– Målet i Vestland har vore maks 1,5 time pendling per dag.

Frank Willy Djuvik, varaordførar Kinn kommune:

– Dette er ikkje så enkelt å svare på som ein kanskje skulle tru. Opplæringslova opererer med uttrykket «akseptabel reisetid», og det er det same som vert brukt i fylkeskommunen sitt reglement for skuleskyss. «Akseptabel reisetid» er subjektivt, og veldig mykje opp til elevane og dei føresette sjølv å definere. Pendletid er heller ikkje eit statisk uttrykk, der ein kan sette eit tal minuttar på kva som er akseptabelt og ikkje. Dette vil avhenge av transportmiddel, bytte av transportmiddel, om venting skjer ute eller inne m.m.

– Det er som sagt svært individuelt kva ein anser som akseptabel reisetid. Nokre føresette og elevar ynskjer f.eks. at eleven skal bu heime første året på vgs., og velger ein noko lenger pendlartid enn kva som ville vore akseptabelt for andre igjen. Om alternativet er hybel, så vil nok ein del strekke seg langt for å unngå det.

– Utgangspunktet for strukturen på vgs. må vere at flest mogleg har høve til å bu heime, og slepp å pendle om dei ikkje ynskjer det. Samstundes må vi godta at svært snevre tilbod, der det totalt sett er få søkjarar må samlast på færre skular, og at det fører til at nokon må på hybel.

– Så oppsummert, så er det ikkje muleg å seie kva ei generell akseptabel reisetid for elevar er, då dette vere ei individuell vurdering av den enkelte elev og deira føresette.

Svein Olav Senneset, varaordførar Bremanger kommune:

– Svaret mitt på begge spørsmål er at vi bør oppretthalde ein desentralisert struktur på vidaregåande skular, og unngå sentralisering av studietilbod og linjer, slik at færrast mogleg ungdomar må pendle eller flytte på hybel.

Rektorane

Hallgeir Hansen, rektor Firda vgs:

– Eg meiner at pendletida ikkje bør vere meir enn 1 time per dag. Smertegrensa for pendling bør etter mitt syn vere 1 time per dag.

Alf Reidar Myrstad, rektor Eid vgs:

– Kva forhold ein har til pendling og tid til pendling varierer frå person til person. Eg har tatt utklipp frå lånekassen si rettleiing i forhold til bortebuarstipend:

«Bortebuarstipend er for deg som ikkje kan bu heime medan du går på vidaregåande.

Det er ikkje tilstrekkeleg at du har lyst til å bu for deg sjølv.

Du kan berre få bortebuarstipend dersom

  • det er 40 km eller meir mellom heim og skole, eller

  • du bruker tre timar eller meir om dagen på å reise til og frå skolen, eller

  • det er særlege forhold i heimen som gjer at du ikkje kan bu der»

– Så opplevast det ulikt om det er pålagt pendling eller om det er frivillig pendling. Det vil også opplevast ulikt om ein går yrkesfag som har fleire skuletimar i snitt per dag/veke (35x45min) eller går studiespesialiserande som har færre timar (30x45min).

Ellen Jåvold, rektor Måløy vgs:

– Litt vanskeleg å gi eksakte svar her tenker eg. Var inne og så på fylkeskommunen sitt skyssreglement, og den angir ikkje kor lang tid som er akseptabel reisetid. I reisetid regnes også tid som elevane må gå frå heim til buss og ventetid. No har eg ikkje oversikt over alle stader elevane bur og kor langt dei må gå for å komme til bushaldeplass osv.

– Men vi tenker at:

1. Akseptabel reisetid for elevar er inntil 1 time kvar veg – altså inntil 2 timar kvar dag

2. Smertegrensa for pendling per dag tenker vi er 3 timar per dag.

Anders Magne Bruvoll, Stryn vgs:

– Dette blir personleg synsing.

– Spørsmål 1: Ca ein halv time kvar veg bør vere rimeleg.

Spørsmål 2: Tre kvarter kvar veg er nær smertegrensa.