Det er NRK Vestland som melder denne saka søndag.

Utfordra av Venstre skulle kommunalminister Erling Sande (Sp) i Stortinget svare ut om det stemte at det var fleire kystregnskogar i Bremanger.

I løyvet som er gitt til det nye steinbrotet skriv regjeringa at tiltaket «til dels vil øydelegge ein viktig førekomst av naturtypen boreonemoral  regnskog», men at det også er «to andre lokalitetar av naturtypen i kommunen».

NRK viser til Naturbasen til Miljødirektoratet og Miljøfaglig Utredning frå 2018 der Bremanger er oppført med éin regnskog-førekomst. Miljødirektoratet meiner dei andre kandidatane er «for svakt utvikla» til å kvalifisere som regnskog.

Sande erkjente at det er forskjell på skogane, og vedgjekk at dette kunne vore tydelegare kommunisert. Han står likevel inne for regjeringa sitt steinbrot-ja og fortel at også andre argument avgjorde.

– Reint metodisk er denne forma for kompenserande tiltak diskutabel, seier Geir Gaarder, ansvarleg for miljørapporten, til NRK.

– Det er fullstendig uakseptabelt å øydelegge denne kystregnskogen, seier Anne Sverdrup-Thygeson, professor i bevaringsbiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) til NRK.