Ei av overraskingane laurdag på Nordfjordeid var brukande til mykje anna enn berre vikingtokter med skipet. Det blei eit nesten naturleg dødse-tårn.
Det var kanskje ikkje så høgt som andre tårn Ken Stornes pleier å hoppe frå, men det blei ein heilt spesiell plass å gjere det frå.
Stornes hadde også med seg ein «dødsekollega» til Nordfjordeid. Han bestemte seg for å ta ein bakoversalto frå dragehovudet.