Smørdal Botn blei i staden for overraska med Furorestipend og var plutseleg 50.000 kroner rikare.

– No blei eg skikkeleg rundlurt. Eg blei tatt på senga. Men fy søren så kjekt, smilte skiskyttartalentet.

I skiskyttaranlegget på Harpefossen var alt rigga til årvisst lagsmeisterskap for den driftige klubben, og i tillegg var det ordna med kaker, kaffi, norske flagg og utdeling av Furorestipend på 50.000 kroner. Ann-Serine Hagen og Helge Høvig frå kontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane på Nordfjordeid stod for utdelinga av årets første Furorestipend, skriv Sparebanken Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

Dei synest begge det er kjekt å få dele ut stipendet til Smørdal Botn til jubel frå 100 frammøtte.

Dei yngre representantane i klubben Stårheim fekk også møte sitt nye idol.

– Eg håpar at mange av desse yngre ser at det er fullt mogleg å hevde seg internasjonalt sjølv om du kjem frå Stårheim. På den måten håpar eg at idol-omgrepet kan vere viktig. Elles likar eg ikkje for mykje merksemd og vil helst berre drive med det eg likar best, seier Smørdal Botn som kom rett til lagmeisterskapen frå randoneetur i sunnmørsfjella.

Fokus fram til NM

Han reiste saman med nokre kameratar han fekk under opphaldet på NTG Lillehammer og dei var på Brekketind og Smørskredtind.

– Det var fantastisk flotte turar i tøff natur. Eg håpar eg får fleire slike turar i påska, før fokuset bir flytta mot NM i skiskyting på Geilo om ei vekes tid, seier den ferske Furore-vinnaren.

Han håpar at gode plasseringar i NM skal hjelpe til med at det blir funne plass til han på det norske skiskyttarlandslaget til neste sesong.

– Men det skal vel godt gjerast. Vi er trass alt åtte forskjellige norske skiskyttarar som har vore på sigerspallen i verdscupen denne sesongen. Og så lenge eg berre har ein pallplass, så er eg sikkert rangert på 8. plass. Og det er jo berre seks plassar på landslaget, seier han og gjer seg klar til innskyting av våpenet med tanke på lagsmeisterskapen.

Han legg til:

– Det er viktig å vere med for å vise alle dei unge kva eg kan. Dette er det einaste rennet eg får gått lokalt, og då bør eg jo vise litt av det eg kan.

24-åringen studerer for tida på fjerde året på masterutdanninga si i idrett, og har med PPU allereie kvalifikasjon som lærar.

– Men med tanke på neste sesong, så kjem eg til å sette masterutdanninga mi på vent og satse 100 prosent på skiskyting. Når eg har komme så langt som eg har opplevd i år, har eg veldig lyst til å sjå kor langt eg kan drive det, seier han lurt og skottar bort på gamletrenaren Jarle Hafsås.

– Jarle var lenge den viktigaste trenaren min, og så har eg gjennom åra på Lillehammer etterpå hatt mykje kontakt med Ronny Hafsås, sjølv om vi ikkje har vore på same lag. Så Hafsås-namnet har vore med meg i nesten alle år.